Map Graph

Rolla

øy i Ibestad i Troms

Rolla, eller Rolløya er den sørlegaste og minste av dei to øyene som utgjer Ibestad kommune i Troms, den andre er Andørja. Rolla og Andørja er skilde av sundet Bygda. Mellom fastlandet og Rolla ligg Astafjorden og i nord og vest ligg Vågsfjorden. I 2000 vart det opna ein undersjøisk tunnel, kalla Ibestadtunnelen, under Bygdesundet. I lag med Mjøsundbrua, som går mellom Andørja og fastlandet, gjev han Rolla fastlandssamband. Øya er berglendt og har to fjellområde, eit på sørenden og det andre om lag midt på øya. Det midt på heiter Drangen og har høgste topp Stortinden på 1022 m. Mellom fjellområda og mot nord er det mange vatn.

Read article
Fil:Rolla2010.jpgFil:Norway_-_Rolla.png