Snønipa
Snønipa er det høgaste fjellet i Sunnfjord og Gloppen kommune og 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen, på grensa mellom Jølster, Gloppen og Stryn. Snønipa er ein såkalla nunatak, dvs. eit fjell som stikk opp gjennom ein isbre. Han er den høgaste delen av Myklebustbreen som med 57 kvadratkilometer er rekna som den sjuande største breen i Noreg utan om Svalbard. Frå toppen har ein særs flott utsikt over Myklebustbreen sine kvite flater og mot Jostedalsbreen i aust.
Read article