Ein edelgass er ein gass danna av einskildatom av eit grunnstoff som har eit fullt ytste elektronskal. Ettersom dei ikkje manglar elektron eller har nokon til overs, er edelgassar svært seine til å reagera med andre stoff. Edelgassane er gruppe 18, den bakerste av gruppene i periodesystemet.