Sudetane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sudetane (tysk Sudeten; tsjekkisk og polsk Sudety) er ei fjellkjede i Sentral-Europa. Fjellkjeda strekkjer seg frå austlege område av Tyskland til Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Sněžka (Śnieżka) i Karkonoszefjella på den tsjekkiske-polske grensa, med ei høgd på 1 602 meter.
Karkonoszefjella har dei siste ti åra fått stadige fleire skituristar, og skistadane her har vorte eit alternativ til Alpane.