Akershus fylke
fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Akershus fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar til Innlandet i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensar fylket til Värmlands län i Sverige. I perioden frå 2020 til 2023 var Akershus ein del av Viken fylke. Akershus blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024.
- «Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Akershus fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Oslo | ||
Areal | 5 894 km² | ||
- land | 5 463 km² | ||
- vatn | 431 km² | ||
Folketal | 728 803 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 133 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Valgerd S. Haugland | ||
Fylkesordførar | Thomas Sjøvold (H) | ||
Fylkesnummer | 32 | ||
Akershus fylke 60°N 11°E / 60; 11 | |||
Wikimedia Commons: Akershus | |||
Nettstad: afk.no | |||
Close
Akershus var samansett av to fråskilde delar som var skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud danna dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis blir omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.