Høgre
norsk politisk parti / From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgre (H) er eit liberalkonservativt politisk parti i Noreg. Høgre er den nest eldste partiorganisasjonen i landet, og blei skipa den 25. august 1884 som De Conservative Foreningers Centralstyre. Partiet set folkestyret, eigedomsretten, og den personlege fridomen høgt. Partiet identifiserer seg sjølv som eit borgarleg parti.
- For den politiske retninga, sjå høgresida. For andre tydingar, sjå høgre (fleirtyding).
Høgre | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Emil Stang d.e. | ||
Grunnlagt | 25. august 1884 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Unge Høgre | ||
Medlemstal | 29 584 (2022)[1] | ||
Ideologi | liberalkonservatisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre | ||
Internasjonal tilknyting | Den internasjonale demokratiske unionen | ||
Farge | Blå | ||
Slagord | «Muligheter for alle» | ||
Ordførarar | 76 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 1 954 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 167 / 777
| ||
Stortings- representantar | 45 / 169
|
Leiaren i Høgre er Erna Solberg (2004-). Partiet har to nestleiarar; Bent Høie og Jan Tore Sanner.
I perioden 2013–2017 har Høgre 48 representantar på Stortinget. Trond Helleland og Nikolai Astrup er høvesvis parlamentarisk leiar og nestleiar. Høgre er det nest største partiet på Stortinget, etter Arbeiderpartiet. Etter stortingsvalet i 2013 danna partileiar Erna Solberg ei regjering saman med Framstegspartiet.
Partiet har tre sideorganisasjonar: Unge Høgres Landsforbund, Høgres Studenter[2] og Senior Høyres Landsforbund.[3]