Amsterdam
From Wikipedia, the free encyclopedia
Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland. (Den Haag er imidlertid sete for regjering, parlament, statsoverhovud og alle ambassader og er altså landets verkelege hovudstad). Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».[2] Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.[3][4]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amsterdam (fleirtyding).
Amsterdam | |||||
---|---|---|---|---|---|
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans | |||||
| |||||
Kallenamn «Mokum» | |||||
Motto «Heldhaftig, Vastberaden, Barmhartig» (Tapper, Målbevisst, Miskunnsam) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Noord-Holland | ||||
Borgarmeister | Femke Halsema | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn - Storbyområde |
219 km² 166 km² 53 km² 1896 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik - Byområde |
743 411 4 459/km² 1 468 122 | ||||
Koordinatar | 52°22′N 4°53′E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.amsterdam.nl |
Byenvart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verte den største byen i Nederland med om lag 745 000 innbyggjarar. Storbyområdet har 1 til 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.