Amygdalin
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Amygdalin (C20H27NO11) er eit giftig og cyanogent glykosid som finst i fleire plantar, særleg i frøkjernar i aprikos, bittermandel, fersken, eple og plommer.[1][2]
Både amygdalin og den modifiserte varianten laetril (C14H15NO7) har sidan 1950-åra blitt fremja i alternativ kreftbehandling, ofte under den misvisande nemninga vitamin B17.[1] Korkje amygdalin eller laetril er eigentleg vitamin.[1][3] Forsking har vist at stoffa ikkje er effektive i behandling kreft, og at dei dessutan er potensielt giftige eller dødelege fordi dei kan føra til cyanidforgifting.[1]
Fremjinga av laetril til kreftbehandling har blitt skildra i medisinsk litteratur som eit mønstergodt døme på kvakksalveri,[4][5] og som den «sleipaste, mest sofistikerte og desidert mest inntektsgjevande kvakksalvarkampanjen i medisinsk historie.»[6]