Ao dai
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ao dai (vietnamesisk áo dài) er ei tradisjonell klesdrakt frå Vietnam av vide bukser med ein lang tunika over. Ho er rekna som vietnamesisk nasjonaldrakt, og kan brukast til kvardag og fest. I si moderne form er ao dai ei formsydd drakt som helst blir brukt av kvinner. Ho er avleidd frå ei eldre hoffdrakt som blei brukt av begge kjønn. Ei tilsvarande drakt for vietnamesiske menn til bruk ved formelle høve er brokadetunikaen áo gấm.
Ordet áo dài blit uttalt ʔǎːw zâːj i Nord-Vietnam og ʔǎːw jâːj i sør. Áo kan omsetjast til 'skjorte'[1] og dài tyder 'lang'.[2] Omgrepet blei først brukt om klede frå Nguyễn-hoffet i Huế på 1700-talet. Desse kleda utvikla seg til áo ngũ thân, ei aristokratisk drakt med fem panel som blei brukt på 1800- og tidleg på 1900-talet. Denne drakta blei så modernisert med inspirasjon frå parismote av kunstnararar ved Universitetet i Hanoi i 1920- og 1930-åra.[3] Drakta blei gjeven si noverande tettsitjande utforming i Saigon på 1950-talet..[3] Ao dai blei teken i bruk som eit nasjonalt symbol, og var særs mykje brukt i Sør-Vietnam på 1960- og 1970-talet.