Clarendon Parish
From Wikipedia, the free encyclopedia
Clarendon Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya, omlag midtvegs mellom aust og vest. Det grensar til Manchester Parish i vest, Saint Ann i nord og Saint Catherine i aust. Det er eit av dei folkerikaste fylka på øya, med rundt 216 000 innbyggjarar. Den største byen og administrasjonssenteret er May Pen, med nær 50 000 innbyggjarar.[2] Andre større busetnader er Four Paths, Frankfield, Chapelton og Spalding.[2]
Clarendon | |||
fylke | |||
May Pen i Clarendon | |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Middlesex | ||
Hovudstad | May Pen | ||
Areal | 807[1] km² | ||
Folketal | 215 515[2] | ||
Clarendon Parish 17.733°N 77.15°W / 17.733; -77.15 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Clarendon Parish | |||
Nord i Clarendon ligg Bull Head Mountains (ca. 850 moh.), som er rekna som senteret av øya.[2] Det sørlegaste punktet på Jamaica, Portland Point, ligg på ei halvøy i Clarendon. Her ligg også Portland Point Lighthouse.
Det blir dyrka mykje sukkerrøyr og noko tobakk i Clarendon. Selskapa JAMALCO og ALCOA driv bauksittutvinning.