Den amanske porten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den amanske porten (latinsk Amani Portae) eller Bahçepasset (tyrkisk Bahçe Geçidi) er ein fjellovergang i provinsen Osmaniye sør i det sentrale Tyrkia. Overgangen kryssar dei nordlege Amanusfjella mellom Cilicia og det sørlege Anatolia og det nordlege Syria. Det er ein av to fjellovergangar over Amanusfjella i lag med Den syriske porten lenger sør. Den amanske porten vart nemnd i antikken i Nabonidus-krønika.[1]
Den amanske porten | |||
Bahçepasset | |||
fjellovergang | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen Osmaniye | ||
Fjellkjede | Amanusfjella | ||
Koordinatar | 37°11′2″N 36°33′23″E | ||
Gjennomfartsåre | O52, E90 | ||
Den amanske porten 37.18388889°N 36.55638889°E / 37.18388889; 36.55638889 | |||
|
Passet spelte ei viktig rolle fram mot slaget ved Issus. Etter at ein del av armeen til Aleksander den store okkuperte Den syriske porten, valde Darius III av Persia å føre armeen sin gjennom Den amanske porten og sette armeen sin mellom dei to makedonske armeane ved byen Issus.[2] Dei makedonske styrkane slo seg saman før dei gjekk til åtak mot Darius, og utfallet vart tap for persarane.