Derek and the Dominos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Derek and the Dominos var eit bluesrockband danna våren 1970 av gitarist og songar Eric Clapton med klaverspelar Bobby Whitlock, bassist Carl Radle og trommeslagar Jim Gordon, som alle hadde spelt i lag med Clapton i Delaney & Bonnie & Friends.
Derek and the Dominos | |||
| |||
Aktiv | 1970–1971 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Bluesrock | ||
Tilknytte artistar | Delaney & Bonnie & Friends The Allman Brothers Band | ||
Plateselskap | Polydor | ||
Tidlegare medlemmer | Eric Clapton Bobby Whitlock Carl Radle Jim Gordon |
Bandet gav berre ut eitt studioalbum, Layla and Other Assorted Love Songs, med store bidrag frå gjesteartist Duane Allman[1] frå the Allman Brothers Band. Albumet fekk god kritikk, men selde lite og vart lite spelt på radio. Sjølv om det kom ut i 1970, var det først i mars 1972 at singelen frå albumet, «Layla» (ei soge om ugjengjeldt kjærleik inspirert av forholdet mellom Clapton og kona til venen George Harrison, Pattie Boyd Harrison) nådde Topp 10 i både USA og Storbritannia. Albumet vert ofte rekna som høgdepunktet i karrieren til Clapton.[2][3]