Distriktet Lefkoşa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Distriktet Lefkoşa (tyrkisk Lefkoşa ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 502 kvadratkilometer.[1] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Levkosía i Republikken Kypros, med unntak av dei tre landsbyane Yiğitler (Ársos), Kırıkkale (Meloúsia) og Tremeşe (Tremetousiá) frå distriktet Lárnaka og landsbyen Gaziköy (Afánia) frå distriktet Ammókhostos. Distriktet Güzelyurt vart fråskild i 1998.[2]