Dvergplanet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dvergplanet er ein klasse objekt i solsystemet som blei innført av Den internasjonale astronomiske unionen i 2006.[1] Han er definert etter følgjande krav:
- (a) må vere i omlaup rundt sola
- (b) må ha nok masse til å danne eit tyngdefelt som er kraftigare enn stivlekam-kreftene, slik at han er i hydrostatisk likevekt og derfor har ei nær sfærisk form.
- (c) må ikkje har reinska område rundt omlaupsbanen sin
- (d) er ikkje ein måne
Uttrykket «dvergplanet» vart tatt opp i 2006 som ein del av ei ny klassifisering av lekamane som krinsar rundt sola. Lekamar som er store nok til at dei har reinska området i omlaupsbanen sin vert definert som «planetar», medan dei som er så små at dei ikkje er i hydrostatisk likevekt er definert som «smålekamar i solsystemt». Slik som uttrykket er definert her, gjeld det ikkje for andre planetsystem.[2]
Så langt har fem objekt fått dvergplanetstatus: Ceres, Pluto, Eris, Makemake og Haumea. Fleire lekamar kan leggast til lista seinare, når ein har funne ut om dei oppfyller krav (b).