Fordampingsvarme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fordampingsvarme er ei nemning for den varmen som går med til å fordampe ei viss mengd av ei væske ved kokepunktet. Ved trykket 1 atmosfære kokar vatn ved 100 °C, og då trengst det 2260 kJ til å fordampe 1 kg av vatnet. For dei fleste stoffa er fordampingsvarmen mindre enn for vatn. Fordampingsvarmen er òg mindre når kokinga skjer i ein trykkokar, altså ved høgare temperaturar. I tabellar finn ein spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen.
Spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen for eit utval stoff