Vatn
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vatn er eit kjemisk stoff som finst nesten overalt på jorda og er naudsynt for alt kjent liv. Vatn har ein særskild eigenskap som gjer at det kan vera i alle dei tre naturlege faseovergangane: Vatn finst i dampform i lufta, i flytande form i livsformene på jorda, i vatn, i elvar og hav, og i fast form som is eller snø i kalde område.
- Denne artikkelen handlar om det kjemiske stoffet. For den geografiske formasjonen, sjå innsjø.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Kjappe fakta Kjemisk formel, Atommasse ...
Vatn | |||
| |||
| |||
Kjemisk formel | H₂O | ||
---|---|---|---|
Atommasse | 18,010564684 atommasseeining | ||
Smeltepunkt | 0,002519 grader celsius, 0±0,002 grader celsius | ||
Kokepunkt | 99,9839 grader celsius | ||
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve |
Lukk
Om lag 70 % av overflata på jorda er dekt av vatn, det meste er i hava, og berre 2,5 % av alt vatn på jorda er ferskvatn.[1] Mindre delar vatn finst elles som grunnvatn (1,7 %), i isbrear og innlandsis, særleg i Antarktis og på Grønland (1,7 %), og i jordatmosfæren som vassdamp, skyar og nedbør (0,001 %).[2][3][4]