Georg Philipp Telemann
tysk barokk-komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Georg Philipp Telemann (fødd 24. mars 1681 i Magdeburg, død 25. juni 1767 i Hamburg) var ein tysk barokk-komponist som gjennom komposisjonane sine og musikksynet sitt formidla nye impuls og sette eit sterkt preg på musikkverda på første halvdel av 1700-talet.
Georg Philipp Telemann | |||
Kolorert akvatintetsing av Valentin Daniel Preisler etter eit forsvunne måleri av Ludwig Michael Schneider (1750) | |||
Fødd | 24. mars 1681 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Magdeburg | ||
Død | 25. juni 1767 (86 år) | ||
Dødsstad | Hamburg | ||
Alias | Georgio Melande, Melante | ||
Opphav | Det tysk-romerske riket | ||
Periode | Barokken | ||
Aktiv | 1705 - 1767 | ||
Verka som | Komponist | ||
Gift med | Anna Catharina Textor, Amelia Elisabeth Juliana Eberlin |
Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorie[1], i det minste ut frå det som er bevart etter han[2]. Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi var samtidige med Telemann, og han var ein livslang venn av Georg Friedrich Händel. Bach vert i dag rekna som den største komponisten, men i deira levetid var Telemann den mest kjende.
Telemann lærte stort sett musikk gjennom sjølvstudium. Dei første suksessane som komponist fekk han medan han var jusstudent ved universitetet i Leipzig. Her grunnla han amatørorkester og leia operaoppføringar, og vart til slutt musikkdirektør ved universitetskyrkja. Etter korte tilsettingar ved hoffa i Sorau og Eisenach vart Telemann musikkdirektør for byen Frankfurt am Main i 1712. Han var samstundes kapellmeister ved to kyrkjer og publiserte musikken sin på eige forlag. Frå 1721 var han tilsett som Cantor Johannei og Director Musices i Hamburg, nokre av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Tyskland, og litt seinare overtok han leiinga for operaen i byen. Han stod framleis i tett kontakt med utanlandske hoff, og organiserte regelmessig offentlege konserter for det øvre sosiale laget i byen. Internasjonal ry fekk Telemann etter eit åtte månaders opphald i Paris i 1737-38.
Verklista til Telemann er særs omfangsrik og omfattar alle dei vanlegaste av musikkformene på tida. Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargar, og – særskild i seinare verk – uvanlege harmoniske effektar. Instrumentalverka til Telemann er ofte prega av fransk og italiensk påverknad, mellom anna òg med innslag av polsk folkemusikk.
Etterkvart som dei kulturhistoriske ideala endra seg utover på 1800-talet møtte musikken til Telemann hard kritikk. Først på andre halvdel av 1900-talet byrja ein på ei systematisk utforsking av den samla produksjonen hans, og arbeidet er framleis ikkje avslutta fordi det store omfanget gjer det vanskeleg å få oversikt.