Hans Fallada
tysk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hans Fallada (fødd Rudolf Ditzen, fødd 21. juli 1893 i Greifswald, død 5. februar 1947 i Berlin) var ein tysk forfattar. I sine politisk-sosiale romanar skildra han med skarp observasjonsevne, subtil humor og virtuos forteljarteknikk storbymiljøet i byrjinga av 1930-åra, der arbeidarar og småborgarar slit med kvardagslege problem i Weimarrepublikken. Mellom dei mest kjende bøkene hans er gjennombrotsromanen Hva nå, lille mann? (1932) og Alle dør alene (1947). Bøkene hans blei omsett til fleire språk, også norsk. Attåt den skjønnlitterære produksjonen skreiv han òg to sjølvbiografiar. Stilmessig høyrde han til den såkalla Neue Sachlichkeit, med presise detaljar og journalistisk attgjeving av fakta.[1] Fallada sitt forfattarpseudonym er ein kombinasjon av karakterar frå to av brørne Grimm sine folkeeventyr.
Rudolf Ditzen | |
Pseudonym | Hans Fallada |
Nasjonalitet | tysk |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1893 Greifswald |
Død |
1947 (54 år) |
Yrke | Journalist, gardsarbeidar |
Påverka av | Gustave Flaubert, Fjodor Dostojevskij, Charles Dickens |
Periode | 1920-1947 |
Rørsle | Den nye saklegdomen |
Sjanger | Roman |
Debut | 1920 |
Hans Fallada på Commons |