Jern(II)sulfat
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Jern(II)sulfat, jarn(II)sulfat eller ferrosulfat, tidlegare kalla jernvitriol eller jarnvitriol, er eit salt med kjemisk formel FeSO4. Det er lysegrønt på utsjånad, ikkje giftig og kan lett løyast i vatn. Rette kjemiske namnet på stoffet er jern(II)sulfat, der det romerske totalet markerer ladningen til jernet, for å skilja det frå jern(III)sulfat.