Joni Mitchell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Joni Mitchell, CC eller Roberta Joan Anderson (fødd 7. november 1943) er ein kanadisk musikar, låtskrivar og målar.[1]
Mitchell starta å synge på små nattklubbar i Vest-Canada der ho voks opp, og spelte så på gata i Toronto. På midten av 1960-talet reiste ho til New York City og det rike visemiljøet som var der. Ho spelte inn debutalbumet i 1968 og vart først kjend som låtskrivar («Urge for Going», «Chelsea Morning», «Both Sides, Now», «Woodstock») og så som soloartist på eiga hand.[2] Til slutt slo ho seg ned i Sør-California og spelte ei viktig rolle i folkrockrørsla som då sveipa over det musikalske landskapet. Blue var eit nakent, personleg album frå 1971, som vert rekna som eit av dei sterkaste og viktigaste albuma nokon sinne.[3] Mitchell hadde òg pophittar som «Big Yellow Taxi», «Free Man in Paris» og «Help Me», dei to siste frå bestseljaren Court and Spark frå 1974.[4]
Kontraalt-stemma til Mitchell, den særeigne harmoniske gitarstilen og pianoarrangementa hennar vart stadig meir kompliserte gjennom 1970-åra og ho vart mykje påverka av jazz, som ho blanda med pop, visesong og rock på eksperimentelle album som Hejira frå 1976. Ho arbeidde òg tett med jazzartistar som Pat Metheny, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Herbie Hancock, og i 1979 på eit album med Charles Mingus som kom ut etter han døydde.[5] Frå 1980-åra og framover har ikkje Mitchell vore like aktiv, men vendte seg mot pop att, og nytta synthesizerar i større grad enn tidlegare og retta politiske protestar i tekstane sine, som ofte omhandla samfunnsmessige og miljømessige tema, i tillegg til meir romantiske og kjenslemessige tema.
Arbeidet til Mitchell er høgt verdsett av både kritikarar og andre musikarar. Rolling Stone kalla henne «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne»[6] medan Allmusic seier, «Når støvet legg seg, står kanskje Joni Mitchell att som den viktigaste kvinnelege artisten frå siste halvdel av 1900-talet.»[7] Mitchell er òg visuell kunstnar, og har laga mange av sine eigne plateomslag.