Jødedommen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tanákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.
Over dei siste om lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane.
Jødedommen lèt seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samanhengande historie. I denne tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammalegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur såvel som renessansen, opplysningstida (sjå t.d. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denne bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle desse i dialektisk spenning.»)
Slik sett har dei mange som opp gjennom årtusena har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisistet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa, når Rut i Ruts bok (ein del av både den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet) seier åt Na‘omi: עמֵּךְ עַמִּי וֵֽאלֹהַֽיִךְ אֱלֹהָי׃ «Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!» (Ruts bok, kap. 1, v. 16)
I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hadj til Mekka i islam og pilegrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabu‘ót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mogleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier ein לְשָׁנָה הַבָּאָה בִּירֽוּשַׁלִַֽם — «Året som kjem, i Jerusalem!»
Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger dagleg — anten privat eller i synagogen.