Kirkuk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kirkuk (kurdisk کەرکووک, Kerkûk, arabisk كركوك, Karkūk, tyrkisk Kerkük; gammalsyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ ,ܟܪܟܘܟ Karkh-Selokh) er ein by i Kirkuk guvernement i Irak, 83 km sør for Erbil.[1] Byen er hovudstad i Kirkuk guvernement.
Kirkuk | |||
kurdisk کەرکووک, arabisk كركوك, assyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ ,ܟܪܟܘܟ, Kerkûk, Karkuk, Kerkük | |||
by | |||
Kirkuk citadell | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Irakisk Kurdistan | ||
Guvernement | Kirkuk guvernement | ||
Høgd | 350 moh. | ||
Folketal | 850 787 (2009.) | ||
Tidssone | GMT +3 | ||
Kirkuk 35.466666666667°N 44.4°E / 35.466666666667; 44.4 | |||
Wikimedia Commons: Kirkuk | |||
Kirkuk ligg i eit vidt område med ein mangfaldig, fleirspråkleg folkesetnad. Det var dramatiske, demografiske endringar i Kirkuk på 1900-talet.[2] Kurdarar, tyrkarar, arabarar og assyrarar sette alle ned krav på området og alle hadde historiske årsaker som støtta kravet deira.[3]
Byen ligg i ruinane av det originale Kirkuk citadell, som ligg der den assyriske oldtidsbyen Arrapha låg på 2000-talet fvt.,[4] nær elva Khasa. Byen er nemnt i den sumerisk-akkadiske perioden i Assyria i kileskriftkjelder frå kring 2400 fvt.[5] Regionen vart ein del av Det akkadiske riket (2335-2154 fvt.) som samla alle dei akkadisk- og sumerisktalande mesopotamiarane under ein herskar. Etter riket kollapsa tok dei språkisolerte gutianarane, eit før-iransk folk frå det gamle Iran, over regionen i fleire tiår, og gjorde Arrapha til hovudstaden sin, før dei vart kasta bort frå Mesopotamia av sumerarane under Det nysumeriske riket (2112-2004 fvt.). Byen vart seinare dominert av dei språkisolerte hurriane frå det austlege Anatolia før dei vart innlemma i Det gamle assyriske riket (2025-1750 fvt.). Etter dette vart Arrapha og heile det nordlege Mesopotamia, i lag med delar av det nordaustlege Syria og det søraustlege Tyrkia, ein del av sjølve Assyria. Seint på 1400-talet fvt. var Assyria og Arrapha under det kortvarige riket til Mitanni-Hurri, men etter at assyrarane styrta riket tidleg på 1300-talet fvt. tok dei igjen over styret. Arrapha vart verande ein assyrisk by fram til Det assyriske riket fall mellom 615 og 599 fvt. Etter dette vart han verande ein del av den provinsen Assyria under forskjellige utanlandske rike og mellom 100-talet fvt. og 200-talet evt. var han hovudstad i den nyassyriske staten Beth Garmai før denne vart erobra av sassanidane og vart ein del av Assuristan. Den arabiske, islamske erobringa på 600-talet førte til at Assyria vart oppløyst som geopolitisk stat.
Både kurdarar[6][7] og tyrkarar[8] har gjort krav på byen som kulturell hovudstad. Han vart kalla «senteret for irakisk kultur» av det irakiske kulturdepartementet i 2010.[9] Byen består hovudsakleg av folk som identifiserer seg som kurdarar, arabarar, irakiske tyrkarar og assyrarar, og det var endringar i folketalet og folkesetnaden etter fallet til Saddam Hussein, den amerikanske invasjonen, og krigen mot Den islamske staten.