Moskva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Moskva (russisk Москва́) er hovudstaden og den største byen i Russland. Byen er òg den største byen i Europa og storbyområdet til Moskva er av dei største i heile verda. Moskva er det politiske, økonomiske, religiøse og finansielle senteret i landet, samt eit utdannings- og transportsenter. Byen ligg ved elva Moskva i Det sentrale føderasjonsdistriktet i den europeiske delen av Russland. I 2010 talde ein 11,5 millionar innbyggjarar i byen Moskva.
Moskva Москва | |||||
---|---|---|---|---|---|
Vasilijkatedralen, Spasskaja-tårnet, Kreml og Den raude plassen. | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Føderal by | ||||
Grunnlagd | 1147 | ||||
Borgarmeister | Sergej Semjonovitsj Sobjanin | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
1 081 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2010[1]) - folketettleik |
11 504 000 10 642 /km² | ||||
Høgd over havet | 156 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 101xxx–129xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)495, (+7)499 | ||||
Bilnummer | 77, 97, 99, 177, 199 | ||||
Nettstad: mos.ru/ |
Moskva er eit føderalt subjekt i Den russiske føderasjonen og er òg administrasjonssenter for Moskva oblast.
Gjennom historia har Moskva vore hovudstad i Sovjetunionen, Storfyrstedømet Moskva og Det russiske tsardømet, samt statar før Det russiske riket oppstod. Her ligg Den raude plassen, som er sentrum av Moskva og utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Ved Den raude plassen ligg Kreml, som er bustaden til presidenten av Russland.
Moskva er eit stort økonomisk senter og den byen med flest milliardærar i verda[2] og i 2007 vart Moskva erklært den dyraste byen i verda for utanlandske tilsette.[3] Her ligg mange vitskaps- og utdanningsinstitusjonar, samt mange sportsfasilitetar. Moskva har eit omfattande transportsystem, som inkluderer eit av dei travlaste metrosystema i verda, kjend for sin arkitektur og sine kunstverk.