Nasjonalrett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein nasjonalrett er ein matrett som representerer eit særskild land, nasjon eller region.[1] Ein rett kan få denne statusen av fleire ulike grunnar:
- Han er basiskost laga av lokale ingrediensar på ein særskild lokal måte, som fruits de mer servert ved vestkysten av Frankrike.[1]
- Han inneheld ein særskild «eksotisk» ingrediens som blir produsert lokalt, som søramerikansk paprika dyrka i dei europeiske Pyreneane.[1]
- Han blir servert ved lokale høgtider eller festar som er del av den lokale kulturarva og/eller del av religiøs utøving, som jul, korban pesach eller iftar.[1]
- Han er blitt framheva som ein nasjonalrett av krefter i landet sjølv, som promoteringa av fondy som nasjonalrett for Sveits av den sveitiske osteunionen (Schweizerische Käseunion) frå 1930-åra.[2]
Nasjonalrettar er ein del av identiteten og sjølvbildet til ulike nasjonar, regionar eller kulturar.[3] Under den europeiske imperialismen kunne land utvikla nasjonalrettar for å skilja seg ut frå rivalane sine.[4]
I land med mange ulike folkegrupper og kulturar, som India, Kina og Mexico, kan det vera nær umogleg å sameina seg om ein nasjonalrett.[3] Då det gjekk rykte om at styresmaktene planla å utropa khichdi til nasjonalrett skapte det oppstand, men dette blei seinare avkrefta som ei misforståing.[5][6][7]