Night of the Living Dead
From Wikipedia, the free encyclopedia
Night of the Living Dead er ein svart-kvit zombiefilm frå USA som vart regissert av George Romero i 1968. I filmen spelar Duane Jones og Judith O'Dea hovudrollane som Ben og Barbra. På mystisk vis vert dei daude levande att, som zombiar med ein hunger etter mannekjøt. Ben og Barbra må i lag med fem andre menneskje kjempe for å overleve på eit landsens gardsbruk i Pennsylvania.
Regi | George A. Romero | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Karl Hardman, Russell Streiner | ||
Manus | John A. Russo, George A. Romero | ||
Medverkande | Duane Jones, Judith O'Dea, Karl Hardman, Marilyn Eastman, Keith Wayne, Judith Ridley, Kyra Schon, Charles Craig, Bill Hinzman, Russell Streiner, Bill Cardille, George A. Romero, Debbie Rochon, John A. Russo | ||
Klipp | John A. Russo | ||
Musikk | William Loose | ||
Sjeffotograf | George A. Romero | ||
Produksjonsselskap | Image Ten | ||
Distributør | Walter Reade, Netflix | ||
Utgjevingsdato | 1968 | ||
Lengd | 96 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 30 087 064 US-dollar (verdsfemnande),[1][2] 12 087 064 US-dollar (USA)[2] | ||
Sjanger | skrekkfilm, science fiction-film, zombiefilm, splatterfilm |
Romero debuterte som filmregissør, og produserte filmen for eit budsjett på 114 000 amerikanske dollar. I tiåret etter premieren skulle det komme fleire gjenutgjevingar på kino, og ein trur filmen har tent inn 12 millionar dollar i USA og 30 millionar dollar på den internasjonale marknaden.[3][4] Night of the Living Dead vart sterkt kritisert i samtida for grovt innhald. I 1999 gav det amerikanske Library of Congress filmen innpass i United States National Film Registry, eit oversyn over det dei kallar historiske, kulturelle og estetisk viktige filmar.[5]
Filmen hadde ein stor påverknad på kulturen i Vietnam-tida sitt USA. Han er ofte sett på som tungt lada samfunnskritikk og har blitt skildra som subversiv på fleire plan.[6] Night of the Living Dead er ikkje den første zombiefilmen som er laga, men har hatt innflytelse på talrike filmar og ein kan sjå på den som den første av undersjangeren «zombie-apokalypse» i skrekksjangeren. Det moderne pop-kulturelle synet på zombien kom kanskje nettopp frå Night.[7] Filmen er den første av fem Dead-filmar regissert av Romero, og blei gjeninnspelt i 1990.