Pipelauk
planteart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Pipelauk (Allium fistulosum) er ein laukart med hole blad og stenglar som kan minna om ein stor graslauk. Han kan brukast til mat på mange måtar, til dømes rå, kokt eller steikt, og tidleghausta som vårlauk.
Pipelauk | |
Pipelauk | |
Status | |
Status i Noreg: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium |
Art: | Pipelauk A. fistulosum |
Vitskapleg namn | |
Allium fistulosum |
Pipelauk er ein framandart i Noreg, men vart tidleg innført som matplante. Han veks på torvtak og tørre bakkar i innlandet austafjells, elles spreidde stader på Austlandet.[1][2] På raudlista 2021 er arten rekna som sterkt truga (EN), ei nedgradering frå kritisk truga i 2015.[3]