![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/27/Saltlakecity_winter2009.jpg/640px-Saltlakecity_winter2009.jpg&w=640&q=50)
Salt Lake City
From Wikipedia, the free encyclopedia
Salt Lake City er hovudstad i den amerikanske delstaten Utah. I 2001 hadde han 181 743 innbyggarar (2 000 000 metro). Storbyområdet, som dekker Great Salt Lake, Summit og Tooele County har ei utrekna folkmengd på 1 018 826 personar.
Salt Lake City | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Utah | ||
Areal | 289,261251 km² | ||
Folketal | 199 723 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Salt Lake City 40.75°N 111.88333333333°W / 40.75; -111.88333333333 | |||
Wikimedia Commons: Salt Lake City | |||
Byen ligg i ein dal i Rocky Mountains, i ei høgd på mellom 1319 og 1584 meter over havet. Nordvest for byen ligg Great Salt Lake (Store saltsjø).
Byen vart grunnlagd i 1847 av medlem av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, som kom dit under leiing av Brigham Young. Hovudsetet for kyrkja ligg i byen. Dei første fem åra heitte byen Great Salt Lake City ('Store saltsjøby'). Bynamnet blir ofte forkorta som SLC eller Salt Lake.
I 2002 arrangerte Salt Lake City vinter-OL og dei Paralympiske vinterleikane i 2002. Dette var tredje gongen USA arrangerte vinter-OL.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/27/Saltlakecity_winter2009.jpg/640px-Saltlakecity_winter2009.jpg)