Skisse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skisse er ein enkel, foreløpig eller raskt utført plan, teikning eller utkast (kladd).[1] Å skissera noko kan visa til å antyda hovudlinjene i ein plan eller idé i korte trekk. Det kan også visa til å rissa opp linjer som grunnlag for eit bilde, oftast med blyant eller penn. For mange kunstnarar kan det vera vanleg å samla idéar og inntrykk i ei skisseblokk.
Innan bildekunst kan ei skisse vera ein raskt utført teikning som kan vera del av planlegginga av eit meir forseggjort kunstverk som eit måleri eller ein skulptur,[1] men kan også visa til eit raskt teikna ferdig bilde. Innan arkitektur kan ordet også brukast om den ferdige arkitektteikningen. Innan musikk er ei skisse eit forslag til ein komposisjon. Innan litteratur kan ho vera ei kortfatta skriftleg framstilling av ein situasjon eller ein rask disposisjon, og er nært i slekt med novella.[2]