University of Cambridge
From Wikipedia, the free encyclopedia
University of Cambridge (norsk Universitetet i Cambridge) er det nest eldste universitetet i den engelskspråklege verda. Universitetet i Cambridge har nokre av dei strengaste opptaksreglane i Storbritannia, og er ved sidan av University of Oxford eitt av verdas mest prestisjefylte universitet. Saman vert dei to universiteta ofte omtala med teleskopordet Oxbridge.
Kjappe fakta Motto, Grunnlagt ...
University of Cambridge | |||
| |||
| |||
Motto | Hinc lucem et pocula sacra (Frå denne staden får me opplysing og verdfull kunnskap) | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1209 | ||
Type | kollegieuniversitet, offentleg universitet | ||
Stad | Cambridgeshire | ||
Studentar | 18 977 | ||
Skulepengar | 52 638 britisk pund, 9 250 britisk pund, 22 482 britisk pund | ||
Medlemskap | ORCID, arXiv | ||
Nettstad | https://www.cam.ac.uk/ (engelsk) |
Lukk
Dei tidlegaste arkiva er ikkje tekne vare på, men det er rekna at universitetet kan førast attende til 1209. Nokre universitetstilsette skal ha flykta frå Oxford til Cambridge etter eit samanstøyt med borgarane i byen.