Victoriasjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Victoriasjøen eller Victoria Nyanza (òg kalla Ukerewe og Nalubaale) er ein av Dei store innsjøane i Afrika.
Victoriasjøen | |||
innsjø | |||
Sett få verdsrommet | |||
Land | Tanzania, Uganda Kenya | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Riftdalsjø | ||
Tilsig | Kagera | ||
Utløp | Den kvite Nilen | ||
Nedslagsfelt | 193 000 km² | ||
Høgd over havet | 1133 moh. | ||
Lengd | 337 km | ||
Breidd | 250 km | ||
Areal | 68 870 km² | ||
Middeldjupn | 40 m | ||
Største djupn | 85 m | ||
Volum | 2 760 km³ | ||
Kystlengd1 | 3 440 km | ||
Koordinatar | 2°3′S 33°4′E | ||
Øyar | 3 000 (Sseseøyane i Uganda) | ||
Byar | Bukoba i Tanzania Mwanza i Tanzania Kisumu i Kenya Kampala i Uganda Entebbe i Uganda | ||
Victoriasjøen 1°S 33°E / -1; 33 | |||
Wikimedia Commons: Lake Victoria | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Victoriasjøen er 68 870 kvadratkilometer stor, og den største innsjøen på kontinentet, og den største tropiske innsjøen i verda. Han er òg den nest største ferskvassjøen i verda ut frå areal (om ein ikkje reknar Lake Michigan-Huron som ein enkel innsjø). Sjølv om han ikkje er særleg djup, berre 85 meter på det djupaste med eit middeldjup på 40 meter, er han den sjuande største ferskvassjøen i verda ut frå volum, og inneheld 2 760 km³ vatn. Innsjøen er kjelda til den lengste greina av Nilen, Den kvite Nilen, og har eit tilsigsområde på 193 000 km². Han er ein biologisk viktig innsjø med stort biologisk mangfald, der forskarar kan studere evolusjonen.[1] Innsjøen ligg på eit høgare platå i den vstlege delen av Riftdalen i Afrika, og er delt mellom landa Tanzania, Uganda og Kenya. Victoriasjøen har ei kystlinje på 3 440 km og meir enn 3 000 øyar, som mange er busette. Desse øyane er mellom anna Sseseøyane i Uganda, ei stor øygruppe i den nordvestlege delen av innsjøen, som trekkjer til seg stadig fleire turistar.