Ådalsbruk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ådalsbruk er ein tettstad og ein gammal industristad i Løten kommune i Innlandet fylke. Staden har 822 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]Det har vore jarnbanestasjon på Ådalsbruk sidan 1862, og Rørosbanen går gjennom staden. Staden har også eigen skule, Ådalsbruk skole.
Ådalsbruk | |||
tettstad | |||
Ådalsbruk stasjon | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Løten | ||
Areal | 0,82 km² | ||
Folketal | 822 (2023) | ||
Folketettleik | 1 002 / km² | ||
Postnummer | 2345 ÅDALSBRUK | ||
Preposisjon | på Ådalsbruk | ||
Ådalsbruk 60.797°N 11.309°E / 60.797; 11.309 | |||
Wikimedia Commons: Ådalsbruk | |||
Ådalsbruk var rundt 1900 ein av dei største industristadene mellom Oslo og Trondheim, med jarnstøyperiet Aadals Brug Jernstøberi & Mekaniske Verksted (skipa 1842) og Klevfos Cellulose & Papirfabrikk (skipa 1888), begge lagt ved Svartelva. Aadals Brug brann ned i 1928, medan papirfabrikken vart nedlagd i 1976.
Klevfoss Industrimuseum ligg ved Ådalsbruk, og nyttar lokala til papirfabrikken. I samarbeid med Norsk skogmuseum opna Løten kommune i 2012 eit Munch-senter på Klevfoss industrimuseum. Edvard Munch blei fødd på Engelaug Østre i Ådalsbruk, og Munch-senteret syner fram tilknytinga Munch hadde til Ådalsbruk.[2]