cover image

Oslo

hovudstad og fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia

Oslo uttale er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. I januar 2016 budde det 717 710 personar i Oslo kommune, og 1 064 235 i tettstaden Oslo,[1] som også strekker seg inn i kommunane Nordre Follo, Bærum, Asker, Lillestrøm, Rælingen, Lørenskog, Nittedal, og Lier.

Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Quick facts: Land, Fylke, Kommune, Høgd, Koordinatar...
Oslo
By
Oslo_view.jpg
Flag_of_Oslo.svg
Flagg
Oslo_komm.svg
Byvåpen
Kallenamn: Tigerstaden
(Den farlege og ubarmhjertige storbyen)
Land Flag_of_Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Høgd 23 moh.
Koordinatar 59°57′N 10°45′E
Areal 130,48 km²
 - storbyområde 267,44 km²
Folketal 717 710  (2016)
 - storby 1 064 235[1]
Folketettleik 3 979 / km²
Ordførar Anne Lindboe (H)
 - Byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H)
Tidssone (UTC+1)
 - Sommartid (UTC+2)
Kart
Oslo
59°54′48″ N 10°44′20″ E
Wikimedia Commons: Oslo
Nettstad: www.oslo.kommune.no
Close
Oslo_r%C3%A5dhus_%28by_alexao%29.jpg
Oslo rådhus sett frå sørvest.
Foto: Alexander Ottesen
Oslo_fra_slottet_1.jpg
Karl Johans gate i Oslo sett frå slottsplassen.
Enerhaugen_from_Ekeberg-20070203.jpg
Sentrale delar av Oslo sett frå Ekeberg.
Foto: J. P. Fagerback
Akershus_festning_by_night.jpg
Akershus slott og festning på austsida av Pipervika sentralt i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld
Ullevaal_Stadion_med_omgivelser.jpg
Ullevaal Stadion på Sogn i Oslo er nasjonalarena for norsk fotball.
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Nationaltheatret_station_Oslo.jpg
Nationaltheatret T-banestasjon.
Oslotrikk_3.JPG
Trikken er viktig i Oslo.
Tarnhuset.jpg
Tårnhuset i parken på St. Hanshaugen.
Oslo_Cathedral.jpg
Oslo domkyrkje.
Oslo_StOlavCathedral01.JPG
Den romersk-katolske St. Olav domkyrkje.
World_Islamic_Mission.jpg
Muslimsk moské i Oslo.

Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.[2]

Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.[3]

Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Oops something went wrong: