1. divisjon fotball for kvinner er den nest øvste divisjonen i norsk fotball for kvinner. Frå den nasjonale seriestarten i 1987 fram til 2000 var 1. divisjon regionalt inndelt, og vinnarane frå dei ulike puljane møttest i eit eller to gruppespel om opprykk. Frå og med 2001 har 1. divisjon vore nasjonal. Mellom 1987 og 1995 gjekk dette nivået under namnet 2. divisjon.
I samsvar med ynskje frå Sandviken vart det den 8. mars 2008 vedteke at 1. divisjon skulle utvidast frå 10 til 12 lag.[1] Alle fylke vore representert i den nasjonale 1. divisjon sidan 2001; Østfold var det siste fylket som vart representert, då Sarpsborg 08 rykte opp i 2010.
Den første sesongen med 12 lag i 1. divisjon vart 2009, noko som medførte at ingen av laga i 1. divisjon rykte direkte ned etter enda 2008-sesong. Linderud-Grei og Gjøvik kom sist, og måtte ut i kvalifisering. Begge lag greidde seg. Den første sesongen med 12 lag, 2009-sesongen, var dramatisk ulik for dei to laga; Linderud/Grei vann og rykte opp, medan Gjøvik rykte ned.
I 2010 var dei to beste laga dei same som i 2003; Sandviken og Medkila. Alta rykte ned etter å ha blitt nummer tre året før. Ein konkurs i divisjonen over gjorde at berre eitt lag rykte ned frå Toppserien og 1. divisjon.
Meir informasjon År, Vinnar ...
År |
Vinnar | Opprykk | Notar |
2019 | Fløya | | |
2017 | Lyn Oslo | | |
2016 | Grand Bodø | | |
2015 | Urædd | | |
2014 | Sandviken | | |
2013 | Grand Bodø | | |
2012 | Avaldsnes | | 2. plass omgjort frå direkte opprykk til kvalifisering mot 11. plass i Toppserien |
2011 | Vålerenga | Fart | |
2010 | Sandviken | Medkila | |
2009 | Linderud/Grei | Donn | |
2008 | Sandviken | Fortuna Ålesund | 1. divisjon utvida til 12 lag, dei to dårlegaste laga i 1. divisjon spelte kvalifisering mot avdelingsvinnarane i 2. divisjon om nedrykk. |
2007 | Fart | Larvik |
2006 | Asker | Kattem, Grand Bodø[2] | Toppserien utvida til 12 lag, 3. og 4. plass i 1. divisjon spelte kvalifisering mot dei to dårlegaste laga i Toppserien om opprykk. |
2005 | Arna-Bjørnar | Amazon Grimstad | |
2004 | Kattem | Liungen | |
2003 | Sandviken | Medkila | |
2002 | Liungen | Fløya | Athene Moss trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag. |
2001 | Sandviken | Larvik | Grand Bodø trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag. |
|
År |
Opprykk | Kvalifisering | System |
2000 | Liungen Røa | Fløya, Fortuna Ålesund Follese, Haugar | 57 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1999 | Byåsen Larvik | Medkila, Voss Haugar, Liungen | 55 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1998 | Grand Bodø Kaupanger | Liungen, Solid Larvik, Verdal | 55 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1997 | Byåsen Fløya | Haugar, Jardar Kaupanger, Larvik | 55 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1996 | Bjørnar Verdal | Donn, Fløya Raufoss/Vind, Bergen Nord | 58 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1995 | Bøler Gjelleråsen | Bjørnar, Fløya Verdal, Vidar | 55 lag i 6 avdelingar Sluttspel: 2 grupper á 3 lag |
1994 | Grand Bodø, Kolbotn | Solid, Verdal | 44 lag i 5 avdelingar[3] |
1993 | Haugar, Molde | BUL, Oslo, Furuflaten | 39 lag i 4 avdelingar |
1992 | Donn, Fløya | Haugar, Verdal | 40 lag i 4 avdelingar |
1991 | Jardar, Spjelkavik | Fløya, Haugar | 39 lag i 4 avdelingar |
1990 | Grand Bodø, Sandviken | Donn, Spjelkavik | 36 lag i 4 avdelingar |
1989 | BUL, Oslo, Fløya | Nymark, Stjørdals-Blink | 39 lag i 4 avdelingar |
1988 | Skedsmo, Vard | Fløya, Rindals-Troll | 38 lag i 4 avdelingar |
1987 | Jardar, Heimdal | Fløya, Nymark | 38 lag i 4 avdelingar |
|
Lukk
Serien har følgjande lag (2020):
Grand Bodø rykte opp etter kvalifisering.
Avdelingsvinnarane frå Vestlandet møttest til regional finale