From Wikipedia, the free encyclopedia
Associazione Sportiva Roma, til dagleg omtala som Roma, er ein fotballklubb frå Roma i Italia. Klubben vart stifta i 1927, då det italienske fascist-regimet tvinga tre lokale fotballag å slå seg saman. Roma har sidan i alle år, unnatake 1951/52-sesongen, vore med i toppdivisjonen i Italia.
Fullt namn | Associazione Sportiva Roma | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Il Giallorossi «Dei gule og raude» La Lupa «Ho-ulven» La Magica «Magikaren» | ||
Grunnlagd | 7. juni 1927 | ||
Heimebane | Stadio Olimpico | ||
Hovudtrenar | José Mourinho | ||
Liga | Serie A | ||
2020/21 | 7. plass i Serie A | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Roma vann Messebycupen i 1961, etter å ha spela 2-2 og 2-0 mot Birmingham City i eit borte/heimekamp-møte. Klubben tapte i 1984 finalen i Europacupen mot Liverpool FC etter straffeskyting. I 1991 nådde Roma finalespelet i UEFA-cupen, men måtte gje tapt mot Inter. Roma har vunne Serie A tre gongar; fyrste gongen i 1942, deretter i 1983 og sist i 2001. Klubben har ni gongar vunne den italienske fotballcupen; Coppa Italia, sist i 2008.
Klubben spelar sine heimekampar på Stadio Olimpico, eit stadion klubben deler med byrivalen SS Lazio. Tribunekapasiteten er på over 72 000 tilskodarar, nest størst i Italia.
Endra 26. september 2021.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.