Acanthis
slekt av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Acanthis er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i finkefamilien Fringillidae som har ein karakteristisk raud framisse. Namnet Acanthis er frå gamalgresk akanthis, ei nemning for «ein liten uidentifiserbar fugl», nemnt av mellom anna Aristoteles.[1] Det norske fellesnamnet for art(ar) i gruppa er 'sisik'.
Acanthis | |
Gråsisik, Acanthis f. flammea, hannfugl, Finland Foto: Jyrki Salmi | |
Utbreiing | |
Omtrentleg geografisk utbreiing av fugleslekta Acanthis. Merk at sørgrensa for overvintringsområdet går noko utover det som kartet dekker. Den introduserte populasjonen på New Zealand kjem heller ikkje fram av kartet. ██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Underfamilie: | Carduelinae |
Slekt: | Acanthis Borkhausen, 1797 |
Taksonomien for Acanthis er ikkje fastlagt, med fleire ulike nært nærskylde[2] former av sisikar, samla sett vurdert som alt frå ein til fem artar.[3] Nokre studiar[4][5] favoriserer tre artar, men dette er absolutt ikkje klårt. Globale lister stør for tida anten to eller tre artar, gråsisik, polarsisik, brunsisik[6] eller ein einskild art, gråsisik.[7] Nyleg viste gjennombrotanalysar skilnader i genuttrykk, men ingen genetisk divergens, noko som kan tyde at ulike former av fjørdrakt har oppstått nyleg innanfor felles utviklingslinje, utan å representerer artgrenser.[8]
Alle Acanthis-sisikar har sirkumpolar utbreiing som hekkeartar i arktis og nordlege temperert sone, knytt til bjørktre. Det er òg innført populasjonar på den sørlege halvkula, på New Zealand. Dette er små fuglar, 12,5–14 centimeter i kroppslengd og 10–17 gram,[9] brune eller gråbrune på oversida og med ein raud panneflekk. Brystet til den vaksne hannen er vaska i raudt, minst synleg hos den nordlege arten polarsisik, men hofuglar og unge fuglar har brunstripa bryst. Nebbet er lite og bleikgult med mørk kant på oversida. Det kan vere krevjande å fastsetje arten for nokre individ, spesielt unge.
Dette er hovudsakleg frøetarar, og ofte beitar dei akrobatisk som ei meis; kosthaldet deira kan inkludere innslag av insekt om sommaren. Dei legg fire til sju egg, og reiret er bygd i eit tre eller, når det gjeld polarsisik, i ein stor busk. Dei kan danne store flokkar utanfor hekkesesongen, nokon gonger blanda med andre finkeartar.