Amazonpapegøyar
slekt av papegøyefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Amazonpapegøye er det vanlege namnet for ein papegøye av slekta Amazona. Dette er mellomstore papegøyar med naturleg leveområde i «den nye verda», frå Sør-Amerika til Mexico og Karibia.
Amazonpapegøyar | |
Skjelgranamazon, Amazona pretrei Foto: Paulo Barradas | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Arinae |
Slekt: | Amazonpapegøyar Amazona Lesson, 1830 |
Dette er ganske store, grøne papegøyar med karakteristiske fargemønster i ansiktet og vanlegvis ein farga speculum vengspegel på armsvingfjørene, hovudsakleg synlege i flukt. Mange har ein naken kvit eller lys augering og nokre få har raudt på skuldrene. Kvar art har sitt karakteristiske rop, utan lætet kan det vere vanskelege å fastsetje arten.[1]
Karakteristisk for alle i slekta er flukta som går høgt, med stive og korte vengeslag.[1] Dei flyg ofte parvis i store flokkar mellom staden for beiting og for nattkvile. Halane er noko rektangulært forma. Dei beitar oppe i trekronene[1] og lever hovudsakleg på frø, nøtter og frukt, supplert med lauvverk.
Amazonpapegøyar varierer i storleik frå ca. 25 cm til 45 cm, dei fleste er relativt store papegøyar, frå ca. 30 til 38 centimeter i lengd. Dei minste artane er kvitpanneamazon,[2] som lever i Mexico og Mellom-Amerika, og dvergamazon,[3] endemisk for Jamaica. Den største er keisaramazon, ein trua art som er endemisk for Dominica.[4]
Mange amazonpapegøyar har ei oppsiktsvekkjande evne til å etterlikne menneskeleg tale og andre lydar. Delvis på grunn av dette er dei populære som kjæledyr eller burfuglar, og ein liten industri er utvikla med avlspapegøyar i fangenskap for denne marknaden. Denne populariteten har ført til at mange papegøyar blir tatt ut frå naturen i den grad at nokre artar har vorte truga. For å verne ville populasjonar, har CITES-traktatar har gjort fangst ville papegøyar for handel ulovleg.