From Wikipedia, the free encyclopedia
Ambolten (av latin incus «ambolt») er ein liten amboltforma knokkel, og den midterste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Ambolten overfører vibrasjonar frå hammaren lateralt til stigbøyelen medialt.[1] Namnet kjem av at den liknar på ein ambolt.
Ambolten er den andre av høyreknoklane — dei tre knoklane i mellomøyret som jobbar med å overføre lyd. Den er forma som ein ambolt, og har ein kort lem og ein lang lem som peikar ut frå artikulasjonspunktet med hammaren.[2]:862
Utdjupande artikkel for dette emnet er Høyrsle.
Vibrasjonar i mellomøyret blir tekne imot av trommehinna. Hammaren ligg på trommehinna og formidlar vibrasjonar til ambolten. Denne formidlar vibrasjonane vidare til stigbøyelen.[2]:862
Incus er latinsk og tyder «ambolt». Den blei fyrste gong skildra av den italienske filosofen og legen Alessandro Achillini. Den siste delen av den lange lemmen blei tidlegare skildra som ein eigen «fjerde høyreknokkel» av Pieter Paaw i 1615.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.