From Wikipedia, the free encyclopedia
Ankara (tidlegare namn Angora og i antikken Ankyra) er hovudstaden i Tyrkia og den nest største byen i landet etter Istanbul.
Ankara | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Ankara | ||
Høgd | 938 moh. | ||
Koordinatar | 39°52′N 32°52′E | ||
Areal | 2 516 km² | ||
Folketal | 4 338 620 [1][2] | ||
- storby | 4 550 662 | ||
Folketettleik | 1 724 / km² | ||
Borgarmeister | Mansur Yavaş | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 06xxx | ||
Retningsnummer | 312 | ||
Ankara 39.93576°N 32.83869°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Ankara | |||
Nettstad: http://www.ankara.bel.tr/ http://www.ankara.gov.tr/ | |||
Byen ligg i sentrale Anatolia og ligg 938 meter over havnivå.[3] Byen er eit viktig handels- og industrisenter. Den tyrkiske regjeringa held til i Ankara og det same gjer alle utanlandske ambassadar. Han er eit viktig knutepunkt for handels- og trafikknutepunkt og er eit marknadssenter for det omliggande jordbruksormådet. Byen er kjend for den langhåra angorageit og ull frå desse (mohair), ein unik katterase (angorakatt), angorakanin og ull frå desse (angoraull), pærer, honning og muskatdruer.
Det historiske senteret i Ankara ligg på ei klipp, som stig 150 meter ovanom sletta på venstresida av elva Ankara Çayı, ei sideelv til Sakarya (Sangarius). Byen ligg kring 450 km søraust for Istanbul, den største byen i landet. Sjølv om han ligg i ein av dei tørraste områda i Tyrkia og er omgjeve av houvdsakleg steppevegetasjon, om ein ser bort frå noko skog lengst sør, vert Ankara rekna som ein grøn by i forhold til grøntareal per innbyggjarar, som er 72 m2 per person.[4]
Ankara er ein særs gammal by med arkeologiske funn etter hittittar, Frygia, grekarar, romarar, austromarar og osmanar. Åsen som ligg ovanom byen er krona med ruinar av ei gammal borg, som gjer byen meir pittoresk, men berre eit fåtal historiske bygg kring den gamle citadellen finst i dag. Det finst derimot bevarte restar av gresk, romerske og austromersk arkitektur, mellom anna Augustus-tempelet og Roma-tempelet (20 fvt.) som var kjend som Monumentum Ancyranum.[5]
Ifølgje det tyrkiske statistiske instituttet budde det i 2011 4 338 620 innbyggjarar i Ankara og 4 550 662 i storbyområdet.[1][6]
Byen kan førast attende til antikken, og var hovudstad i den romerske provinsen Galatia i det Romarriket frå år 25 fvt og seinare ein del av det Bysantinske riket. Fram til år 1073 var byen styrt frå Konstantinopel, med nokre få avbrot. Seldsjukk-tyrkarane erobra byen i 1073. Byen var erobra av Orhan i år 1356 og vart ein del av Det osmanske riket. I august i år 1402 stod slaget ved Ankara mellom den ottomanske sultanen Beyazit I av det osmanske riktet og mongolske Timur Lenk. Ankara vart hovudstad i Tyrkia etter den tyrkiske fridomskrigen i 1923.
Ankara er kjent for ulla frå den langhåra geiterasen som har namnet etter dei tidlegare namna til byen, Angora (angorageit). I dag er byen eit viktig økonomisk sentrum for regionen.
Infrastrukturen i Ankara er vorte kraftig forbetra dei siste åra. Tidlegare var vegane av dårleg standard, men i dag er hovudfartsårene så godt utbygd at sjølv vestlege turistar er nøgd.
Ankara har òg ein internasjonal lufthamn. Esenboğa internasjonale lufthamn ligg 28 km nordaust for byen, og er vorte kraftig opprusta og modernisert dei siste åra.
Ankara Intercity Bums Terminal (tyrkisk Ankara Şehirlerarası Terminal Işletmesi, AŞDI) er nerva i busssystemet i byen og dekker alle bydelar. Santralbanestasjonen, «Ankara Garı» Turkish Republic Railways (tyrkisk Türkiye Cumhuriyeti Devlet Demiryolları, TCDD), er eit viktig knutepunkt mellom aust og vest i landet. EGO (Elektrik Gaz Otobüs) driv kollektivtransporten i byen. Det finst to t-banelinjer i Ankara og tre til er under bygging.
Ankara har tre lag i den øvste fotballigaen, Süper Lig (Gençlerbirligi SK, Ankaraspor og MKE Ankaragücü).
Ankara, har et tørt kontinentalt steppeklima med kalde vintre og varme og tørre somre. Torevêr har ein som oftast seint på våren. Frå juli av kjem det om lag ingen nedbør før i september. Vinteren er og snørik. Sidan Antaolia er så pass tørr har ein ofte store temperatursvingingar her. Berre i august har Ankara hatt temperaturar på både 4 °C og over 35 °C. Ankara har ein normal årsnedbør 415 mm.
Vêrdata for Ankara (1970–2011) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 16,6 | 19,9 | 26,4 | 30,6 | 33 | 37 | 40,8 | 40,4 | 36 | 32,2 | 24,4 | 19,8 | 40,8 |
Gjennomsnittleg maks °C | 1,6 | 4,4 | 10 | 15,5 | 20 | 24,4 | 27,7 | 28,3 | 24,4 | 18,3 | 10,5 | 4,4 | 15,8 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,6 | −5 | −1,6 | 3,3 | 6,6 | 9,4 | 12,7 | 12,7 | 8,3 | 3,8 | −1,1 | −3,3 | 4,4 |
Lågast målte °C | −32,9 | −21,5 | −19,2 | −6,7 | −1,6 | 5 | 6,8 | 7,2 | 2,5 | −3,4 | −8,8 | −17,2 | −21,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 39,2 | 33,4 | 36,7 | 50 | 50,3 | 35,3 | 15,5 | 12 | 17,5 | 33,2 | 35,4 | 42,5 | 401 |
Gns. dagar med regn | 11,1 | 10,4 | 10,6 | 12,3 | 12,5 | 8,9 | 3,9 | 3 | 3,8 | 7,5 | 8,8 | 11 | 103,8 |
Gns. solskinstimar i månaden | 74,4 | 98,9 | 164,3 | 189 | 260,4 | 309 | 350,3 | 325,5 | 276 | 198,4 | 126 | 68,2 | 2 440,4 |
Kjelde: [10] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.