Asahikawa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Asahikawa (旭川市, Asahikawa-shi) er ein by i Kamikawa subprefektur på Hokkaido i Japan. Han er den nest største byen på Hokkaido, etter Sapporo, og den største på Nord-Hokkaido. Han har status som hovudbyen i subprefekturet og som japansk «kjerneby» (chūkakushi). Asahikawa har ei flatevidd 747,6 km². I 2008 hadde han eit folketal rekna til 356 000 og ein folketettleik på 476 menneske per km². Byen er mellom anna kjend for Asahiyama dyrehage, den nordlegaste dyrehagen i Japan, brua Asahi-bashi, og ein lokal type nudlar, Asahikawa-ramen.
Asahikawa | ||||
---|---|---|---|---|
| ||||
Styresmakter | ||||
Land Prefektur |
Japan Hokkaido | |||
Geografi | ||||
Flatevidd | 747,66 km² | |||
Innbyggjarar - By (31. desember 2020) |
331 392[1] | |||
Tidssone | UTC+9 (UTC) | |||
Diverse anna | ||||
Heimeside: https://www.city.asahikawa.hokkaido.jp/, https://www.city.asahikawa.hokkaido.jp/foreign/d059268.html | ||||
Nettstad: www.pref.hokkaido.lg.jp | ||||
Plassering | ||||
Asahikawa på Nord-Hokkaido. |
Asahikawa vart grunnlagd i 1922 og folkesett av etniske japanarar. Ordet «asahi» tyder 'solstrålar' på japansk og «kawa» tyder 'elv'. Namnet byggjer på ei feilomsetjing av ainu-elvenamnet Chiu Pet ('bølgjeelv) som vart oppfatta som Chu Pe ('solelv').
Asahikawa ligg midt i Kamikawa-dalen med fjellkjeda Taisetsuzan rundtom. Det renn over hundre elvar og bekker gjennom byen, og over 740 bruer kryssar dei. Den sentrale brua Asahi-bashi over Ishikarielva vart fullført i 1932 og er vorten eit av symbola på byen. Byen ligg i eit rikt jordbruksdistrikt. Han er òg ein viktig industriby med bryggjeri og produksjon av tremasse, papir, kjemikalie og bomullsstoff.
Asahikawa lufthamn er ein regional flyplass som hovudsakleg har innanriksruter. Fleire av dei er berre i drift visse delar av året.