From Wikipedia, the free encyclopedia
Atazardammen er ein kvelvdam nær Madrid i Spania i elva Rio Lozoya, like før ho munnar ut i Jarama. Demninga er den eldste kvelvdammen i verda. Bogeforma på dammen er optimal for den samle kløfta der han vart bygd for å halde vatnet tilbake i reservoaret. Bogedammar er tynne og krev mindre byggmateriale enn andre damtypar.[1]
El Atazar-reservoaret | |||
innsjø | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Reservoar | ||
Tilsig | Rio Lozoya | ||
Utløp | Rio Lozoya | ||
Areal | 10,7 km² | ||
Volum | 426 millionar m³ | ||
Koordinatar | 40°54′36″N 3°28′23″W | ||
Atazardammen 40.911838888889°N 3.4733305555556°W | |||
Wikimedia Commons: El Atazar Dam | |||
Då dammen vart bygd vart det avgjort at dammen berre skulle lagre og regulere vatn, og ikkje nyttast til straumproduksjon. Dammen vart bygd i 1968 og stod ferdig i 1972.
Dammen er 135 meter høg og 52,3 meter brei ved botn. Kapasiteten i reservoaret er 424 millionar m³. Dammen er av betong og har ein dobbel boge.[2]
Overvaking av dammen har vist unormal rørsle. Det er vanleg at dammar rører seg, men venstre sida av dammen har flytta seg meir enn høgresida, fordi ei støtte vart bygd på høgresida slik at han er mindre fleksibel her. I 1977 vart det oppdaga ei sprekke i dammen, og i 1979 hadde sprekka vorte 150 meter lang og vart reparert.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.