BMP-1
From Wikipedia, the free encyclopedia
BMP-1 (russisk:Боевая Машина Пехоты-1 - Боевая Машина Пехоты-1) er ei sovjetisk stormpanservogn. Den vart først introdusert tidleg i 1960-åra, og produsert av Kurganmasjzavod. Den vart erstatta i 1980-åra med ein oppgradert versjon BMP-2.[1]
Då BMP-1 vart oppdaga av vestlege militære i november 1967 var den verda si første stormpanservogn. Det skråstilte panseret kunne motstå 12,7 mm ammunisjon frå tunge mitraljøser. Med den glattbora kanona og AT-3 Sagger-raketten var ein alvorleg trussel mot NATO sine pansra personellkøyretøy og stridsvogner.