Bakepulver er eit tørt hevemiddel i pulverform brukt i baking.
Det finst i fleire utgåver, alle inneheld eit alkalistoff (vanlegvis natriumbikarbonat, natron), ei syre i saltkrystallform og stivelse for å holde pulveret tørt. Når bakepulveret vert løyst i vatn, reagerer syra og alkaliet og dannar karbondioksid, som tar større plass enn pulveret og hever blandinga.
Vi kan skrive reaksjonslikninga slik:
Dei fleste moderne bakepulver inneheld to ulike syresalt slik at dei reagerer to gonger, ein gong ved romtemperatur og ein gong ved høgre temperatur (ved steiking).
Ein selde fleire ulike bakepulvertypar i første halvdelen av det 19. hundreåret, men bakepulveret vi kjenner i dag vart oppdaga av Alfred Bird. Eben Norton Horsford, ein student av Justus von Liebig, begynte å studere bakepulver i 1856 og utvikla etterkvart ein variant han kalla opp etter Grev Rumford. Den tyske farmasøyten August Oetker gjorde bakepulver veldig populært då han begynte å selje miksturen sin til husmødrer. Denne miksen vert seld som Backin i Tyskland. Oetker begynte masseproduksjon i 1898 og patenterte teknikken sin i 1903.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.