Barne-TV på NRK
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barne-TV er nemninga på TV-program på NRK med barn i alderen 4–12 år som målgruppe. Denne programtittelen vart brukt første gong i 1970. Omgrepet vert ofte brukt i ein noka utvida form som òg omfattar program for eldre barn. Nemninga «barne-TV» er på norsk dessutan blitt brukt om underhaldande eller pedagogiske barneprogram på fjernsyn generelt, altså uavhengig om dei har vorte vist på NRK Barne-TV eller ikkje.
Sidan 2007 har Barne-TV vore nemninga på ei programflate på NRK Super. Per 2020 strekkjer Barne-TV seg frå kl 18.00 til 18.30 måndag til sundag.[1] "Programmet" startar med ein vignett som har vore lik sidan 2007. Så opnar programmet med ein eller to programleiarar som gjennom heile programmet underheld i små pausar før dei introduserer neste innslag. Innslaga kan til dømes vera teiknefilmar, enkeltproduksjonar eller episodar av dramaseriar.