Norsk rikskringkasting
norsk statleg allmennkringkastar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Norsk rikskringkasting AS (til vanleg forkorta til NRK) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert av ei kringkastingsavgift eller lisens frå TV-sjåarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks år med høve til forlenging seks år til. Frå 29. april 2022 har Vibeke Fürst Haugen vore kringkastingssjef, ho tok over etter Thor Gjermund Eriksen.[1]
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | NRK Marienlyst | ||
Nettstad | https://www.nrk.no/ |
| |||
Lansert | |||
---|---|---|---|
Land | |||
Hovudkontor | |||
Nettstad |
Kringkasting er ei norsk omsetjing av det engelske ordet «broadcasting». Ordet «rikskringkasting» er òg inspirert av den tyske nemninga «Reichsrundfunk». Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Corporation, BBC.
Omsetjinga vart brukt første gongen i 1924 og vart offisiell nemning frå 1925. Kringkasting innebar opphavleg trådlaus utsending av lyd (tale/musikk), og etterkvart òg levande bilete.
NRK vart skipa 1. juli 1933 og er den største mediebedriften i Noreg.
NRK byr på tre TV-kanalar, 14 radiokanalar og eit breitt tilbod på nett.
Rundt om i landet har NRK 15 distriktskontor.[2]