amerikansk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Barry Joseph Goldberg (fødd 25. desember 1942) er ein USA-amerikansk blues- og rockeklaverspelar, og plateprodusent.
Barry Goldberg | |||
Goldberg på scenen 2. juni 2016 med The Rides | |||
Fødd | 25. desember 1942 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i USA | ||
Fødenamn | Barry Joseph Goldberg | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock, blues | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | The Electric Flag, Steve Miller Band, Barry Goldberg Reunion, The Rides, Chicago Loop, Carla Olson, Bob Dylan, Percy Sledge | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent |
Som tenåring i Chicago, spelte Goldberg med Muddy Waters, Otis Rush og Howlin' Wolf. Han spelte klaverinstrument med Paul Butterfield Blues Band og akkompagnerte Bob Dylan på den «elektriske» konserten hans i 1965 på Newport Folk Festival. Han skipa The Electric Flag i lag med Mike Bloomfield i 1967, og seinare 'Barry Goldberg Reunion' i 1968.[1]
Songane til Goldberg (somme skrivne i lag med Gerry Goffin) er blitt spelt inn av mange artistar, som Rod Stewart, Gladys Knight, Joe Cocker, Steve Miller, Bobby «Blue» Bland, Gram Parsons og B.J. Thomas.
Godlberg spelte òg med Leonard Cohen på Death of a Ladies' Man, The Ramones på End of the Century, The Flying Burrito Brothers på The Gilded Palace of Sin og Super Session med Michael Bloomfield, Stephen Stills og Al Kooper.
Goldberg var medprodusent for Percy Sledge på mellom anna Blue Night og Shining Through the Rain, Charlie Musselwhite, James Cotton, The Textones og på Bob Dylan-utgåva av Curtis Mayfield sin «People Get Ready».
I 1992 spelte han klaverinstrument med Carla Olson & Mick Taylor, som gav ut konsertalbumet Too Hot for Snakes.
I 2005-2006 turnerte han med 'Chicago Blues Reunion' med Nick Gravenites, Harvey Mandel, Tracy Nelson og Corky Siegel.
I 2012 henta Stephen Stills inn Goldberg til eit nytt band kalla The Rides.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.