Bindingsverk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bindingsverk er nemning for ein måte å byggje ytterveggane i hus på. Bindingsverket i ein vegg er bygd opp av horisontale tresviller i botn og topp med trestenderar (vertikal støtter) mellom, ofte supplert med skrå avstivingar. Eldre bindingsverk vart ofte bygd av tømmer i grove dimensjonar, sett saman utan bruk av spikar, men trepluggar, og ved hjelp av metodar som til dømes tapping, bladning og kamming. Mellomromma vart vanlegvis utmura med teglstein, i gamal tid med flettverk som var tetta med leireklining. Ofte var trekonstruksjonane synlege, men kunne òg vere dekt av mur eller murpuss.