Book of Common Prayer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Book of Common Prayer er altarboka i den Den anglikanske kyrkja. Her finst ordningar for enkle gudstenester (Service), dåp, nattverd , messe, konfirmasjon, truloving , ordinasjon med vidare.
Den fyrste utgåva kom i 1549, i hovudsak ved Thomas Cranmer, under regjeringstida til barnekongen Edvard VI. Utgjevinga hadde samanheng med reformasjonen i England. Då Book of Common Prayer vart teken i bruk, vart det slutt på bruken av latinsk liturgi i kyrkjene. Somme stader i England førte dette til oppreist, spesielt blant dei som ikkje hadde engelsk som morsmål. I Cornwall vart bønebokoppreisten brutalt nedslegen, og fleire tusen menneske vart massakrerte. Kneblinga av oppreisten er sidan rekna som spikaren i kista for det korniske språket.[1]
Nye omarbeidde utgåver av Book of Common Prayer kom i 1552, 1559, 1604 og 1662. Ved sida av ei Alternative Service Book frå 1980 og Common Worship: Services and Prayers for the Church of England er 1662-utgåva enno i bruk i Den engelske kyrkja.
Altarbøker som byggjer på Book of Common Prayer er òg i bruk i USA og i andre engelskspråklege kyrkjer.