Borneo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Borneo er ei øy i Søraust-Asia, og den største av dei store Sundaøyane. Øya er den tredje største i verda, etter Grønland og Ny-Guinea, og har eit flatemål på 745 560 km². Ho har over 23 millionar innbyggjarar (folketeljingar 2020).[1][2][3]
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Borneo | |
---|---|
Geografi | |
Koordinatar | 3°21′17″N 117°35′48″E
|
Administrasjon | |
Land | Brunei |
Land | Indonesia |
Delstat | Kalimantan |
Land | Malaysia |
Delstatar | Sarawak og Sabah |
Close
Borneo er delt mellom tre statar. Størstedelen, rundt 73 %, høyrer til Indonesia og heiter Kalimantan. I Indonesia kallar ein heile øya for Kalimantan. I nord er det to malaysiske provinsar, Sabah og Sarawak, i tillegg til den vesle staten Brunei, som dekkjer rundt 1 % av øya. Namnet «Borneo» er truleg ei spansk-portugisisk forvansking av «Brunei».