From Wikipedia, the free encyclopedia
Bridgeport er ein hamneby sørvest i delstaten Connecticut i USA[3] med 148 654 ibuarar (2020).[4] Han ligg ved utløpet av Pequennock-elva i Long Island-sundet, om lag 80 kilometer nordvest om New York by.[3] Bridgeport er del av eit storbyområde som også omfattar Stamford og Norwalk og til saman har kring 950 000 ibuarar.[3] Folketalet gjekk sakte tilbake fram mot 2000, men har sidan stige til kring 1930-nivå.[3]
Bridgeport | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 50,312475 km² | ||
Folketal | 148 654 (1. april 2020)[1][2] | ||
Bridgeport 41.183333333333°N 73.2°W | |||
Wikimedia Commons: Bridgeport, Connecticut | |||
Tenesteytande næringar, så som finansverksemd, helsetenester og undervisning, sysselset ein stor del av arbeidsstokken. Tidlegare spelte industrinæringar hovudrolla i økonomien.[3]
Jordbruk og fiske var viktigaste næringsvegane då europeiske folk slo seg ned her i fyrste halvdel av 1600-åra.[3] Ein landsby voks fram på 1760-talet og ekspanderte gjennom handel med kystbyane Boston, New York, Baltimore og med Karibia.[3] Byen fekk namnet Bridgeport i 1800, og vart eit handelssenter, mykje basert på kvalfangst og skipsbygging.[3] Etter det i 1849 kom jarnbane mellom New York og New Haven vart Bridgeport snøgt ein industriby. I tida 1870-1910 var Bridgeport viktigaste industristaden i Connecticut. Her vart framstelt elektrovarer, transportutstyr, maskinverkty, våpen, skrivemaskinar, bildelar og matvarer. Industrinæringane vart sterkt svekka i 1970- og 1980-åra og talet på fattige steig.[3]
Barnum Museum, til minne om sirkuseigaren Phineas T. Barnum, er ein kjend attraksjon i byen.[3] Bridgeport er elles kjent for mange offentlege parkar.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.