Brot i mineralogi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brot er eit uttrykk som innanfor mineralogien beskriv evna til eit mineral til å dele seg i andre retningar enn eventuelle kløyvretningar.[1] Ikkje alle mineral har kløyvretningar slik som kvarts, og kløyv må ikkje forvekslast med brot. Mineral skil seg ofte frå kvarandre ved at dei kan ha forskjellige brotflater sjølv om dei elles ser heilt like ut, derfor er denne eigenskapen viktig og er mykje brukt til å identifisere mineral.
- Denne artikkelen handlar om terminologien som blir nytta for å beskrive brotflater på krystallar og mineralklumpar. For brot i bergartar, sjå brot i geologi.